1

The Brazz Brothers

Musikkglede og improvisasjonskunst på høgt nivå

The Brazz Brothers, opprinneleg frå Langevåg, bestemte seg fort for å gå sine eigne vegar i eit musikalsk landskap som for dei er grenselaust, vidåpent, rikt og uendeleg stort. I løpet av sine 38 år i kontinuerleg rørsle, har dei hatt meir enn 4000 konsertar i 34 land og gitt ut 21 cd plater.

The Brazz Brothers er ein kollektiv tilstand meir enn det er eit band. Ved å nærme seg musikkens opphav og gå tilbake til eit punkt før den vestlege kunstmusikken, har dei definert sitt eige frigjeringsprosjekt. Ei musikalsk tilnærming der dei jaktar på det menneskelege fellesspråket som lever i musikken.

The Brazz Brothers er:
Jan Magne Førde - trompet/flygelhorn
Kåre Nymark jr. - trompet
Runar Tafjord - horn
Helge Olav Førde - trombone
Stein Erik Tafjord - tuba
Kenneth Ekornes - trommer, perkusjon

Billettar til The Brazz Brothers

  1. Lau 26. jan kl 20:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_