1

The Greatest Show - Herøy kulturskule

Herøy kulturskule inviterer til stort show med musikk frå kjende musikalar

Det blir ein spennande kveld med song og musikk frå nye og gamle musikalar. Elevar frå kulturskulen har øvd lenge på dette showet, og solistar, dansarar og elevar frå dramaklasser vil bidra til at dette blir ei god oppleving for publikum.

Her blir det låtar frå musikalane Hairspray, Annie, Mary Poppins, La La Land, Oliver, Mamma Mia og The Greatest Showman. Publikum blir dregne inn i ei verd av lengsel og draumar, dramatikk og kjærleik i eit herleg samspel med elevar frå Herøy kulturskule.

Alt i alt handlar showet om å finne seg sjølv og å vere god nok slik som du er.

Velkommen skal du vere.

 

_
_
_