The Greatest Show - Old and New

Herøy kulturskule inviterer publikum med på ei reise med mange høgdepunkt frå musikkhistoria.

Her blir det noko for einkvar smak. 

Kulturskuleelevane har øvd på showet lenge, og vi gler oss til å framføre det på konserthuset og eit stort publikum. Elevar frå Drama- og Teater skal leie oss trygt gjennom programmet. 

Mange ulike låtar skal framførast, som for eksempel Waterloo, Fly me to the Moon og Come out and play av Billie Ellish.  

13 av dei yngste elevene skal synge Milkshake, ein låt frå KuToppen i Kristiansand dyrepark. Her må det sikkert tørkast nokre tårer…  

Med låtar som Yellow Submarine, Shape of you og fleire, stiller lærarane frå kulturskulen med flott samspel både når det gjeld song, dans, piano og gitar.  

Det som har vore ekstra spennande til årets show, er at elevane har blitt kjende med mykje ulik musikk, både frå gammal og nyare tid.  

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne, og vi gler oss til å få vise fram kva elevane har jobba med!  

Billettar til The Greatest Show - Old and New

  1. Lau 13. jun kl 18:00 150 kr   Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
Som følge av de nye nasjonale retningslinjene for å hindre smitte av koronaviruset blir Fosnavåg konserthus stengt inntil videre og ingen forestillinger blir gjennomført.
_
_
_