1

Ti-årsjubileum for Haugeseminaret

Haugeseminaret markerer ti-årsjubileet med både næringslivsseminar og festkveld.

Per Sævik, Per-Arne Lillebø, Roger Kvalsvik og Olaus Jon Kopperstad har gjennom ti år vekt fornya interesse for Hans Nielsen Hauge. Ikkje berre på Sunnmøre, men også vidare i kring. Det kjem folk frå heile Vestlandet til Haugeseminara i Fosnavåg i tillegg til at Haugeseminaret var eit av dei første av ei ei rekke seminar og konferansar om Hauge som no vert arrangert rundt i heile Norge.

Fredag 25. oktober vert det ti-årsjubileum. Det startar klokka 17 med næringslivsseminar på Thon Hotel Fosnavåg. Tema er verdibasert leiarskap i næringsliv, politikk og offentleg sektor. Foredragshaldarane er filosof, forskar og forfattar, Henrik Syse, redaktør i Ukeavisen Ledelse, Magne Lerø og NHH-professor Ola Grytten.

  • Dette er alle dyktige foredragshaldarar med stor kunnskap og evne til å inspirere. Her håper vi å gi både inspirasjon og ettertanke rundt temaet verdibasert leiarskap, seier arrangørane.

Folkefest

Klokka 19 startar folkefesten i Fosnavåg konserthus. Festtalar er Egil Sjaastad, tidlegare rektor ved Fjellhaug utdanningssenter og redaktør i Fast Grunn. Tema for talen hans er «Tru og truskap». Arne Nordbø, revyartist og underhaldar skal sørge for «Smilet i kvardagen» og Svein Kvamsdal skal gi «Ei stund med Hans Nielsen Hauge som gjest». Per Sævik tek også del og svarer på spørsmålet «Kvifor Haugeseminar?».

Songgruppa Kraft og koret Kvit Sektor vert også med saman med Elisabeth Meyer Stave på flygel og Øystein Salhus på fiolin. Programleiar er Per Arne Lillebø.

Det vert ikkje selt billettar til arrangementa, men det vert teke opp kollekt på folkefesten.

Billettar til Ti-årsjubileum for Haugeseminaret

  1. Fre 25. okt kl 19:00 Konsertsalen Les meir Gratis
Vis hele programmet
_
_
_