4

Til kulturens pris

Herøy kommune inviterer til utdeling av Kulturprisen for 2017 og 2018 og Ungdommens kulturpris for 2018

Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune som saman deler ut alle prisane. I juryen sit: Arnulf Goksøyr, Herøy kommune, Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, representant for kulturlivet, Helena Aasen, Ungdomsrådet, Hilde Karin Torgersen, Nordea, Per Ronald Knutsen, Sperebanken Møre, Arve Moltubakk, eldrerådet, Edvin Pettersen, idrettsrådet, Bjørn Holum (sekretær). 

I jurymøte før jul vart det bestemt at ein i starten av 2019 skal dele ut Kulturprisen for både 2017 og 2018 saman med Ungdommens kulturpris 2018. Då er alle prisane samkøyrt, slik at dei er på same år. Frivilligprisen for 2018 vart delt ut før jul. 

 

Kulturprisen for 2017 blir tildelt Steinar Åheim

Juryen har bestemt at kulturprisen for 2017 i Herøy skal gå til Steinar Åheim. Juryen skriv fylgjande. «Han har i mange år gjort ein stor innsats i styret for Herøy sogelag, med særleg ansvar for arbeidet med bygdesoga Heimar og Folk bind I der han skreiv den generelle teksta for krinsane. Dette inneber mykje innhenting av data for Runde, Remøy og Leinøy.

I alle år har han samla bilete og tekst til Herøykalendaren, ein kalender som skuleelevar har selt og såleis skaffa pengar til både elevar og sogelag.

Og ikkje minst har han stilt opp med trekkspelet sitt til underhaldning og allsong på talrike arrangement i mange, mange år.

 

Kulturprisen 2018 blir tildelt Sunnmørsjekta Anna Olava

Grunna motorhavari og skader på skrog, samt manglande ressursar til igangsetting, vart «Anna Olava» lagt på land i oktober 2011. Ved hjelp av RDA-tilskot kunne ein starte arbeidet med å setje jekta i stand, og i perioden frå 2017 har ei tverrfagleg, frivillig arbeidsgruppe leia arbeidet med vedlikehald og rehabilitering av båten med god hjelp frå mange frivillige. I same perioden er deler av skroget utbetra av Ottar Bjørkedal. Etter nær seks år på land vart jekta sjøsett på nytt 30. august 2017.

Juryens begrunnelse for å gi prisen til Sunnmørsjekta er det store arbeidet som er lagt ned av den frivillige veneforeininga som har sett Sunnmørsjekta i stand slik at den igjen kan nyttast til formidling og oppleving for store og små.

 

Ungdommens kulturpris 2018 blir tildelt Adrian Helde Remøy

Det som kjenneteiknar Adrian aller mest er hans positive og avslappa innstilling til alt han gjer. Han trivs godt saman alle typar menneske, både unge og gamle, og vi håpar han vil fortsette å bruke talentet sitt til glede for seg sjølv og andre. Han har trass sin unge alder (19 år) allereie utmerka seg på mange arenaer. Han er ein gut med mange talent og juryen ønskjer å gi han merksemd for det han har gjort til no og for å stimulere til å utvikle talentet vidare. 

 

Arrangementet vil bli leia av Torill Myren og det vil bli eit innhaldsrikt program til kulturens pris.   

_
_
_