2

Torbjørn Dyrud

Torbjørn Dyruds andre viseplate er endeleg ute!

«Under sola, gjennom regnet» inneheld ti songar som ber i seg mykje av det folk tenkjer på med det gode livet på landet. Musikken er ein slags amerikana-inspirert Prøysen med ein verbal, musikalsk og dyktig verbal pianist i midten. Låtane hans er personlege og ekte, tekstane er nære, varme, ettertenksomme, underfundige og observante. Songene handlar om kjærleik og sakn, jordbruk og håp, foreldreskap og årstider. Musikken loddar djupt og famnar vidt og ein kan fornemme kulturlandskapet og den store himmelen over flatbygdene i musikken han lagar.

Responsen på albuma han har gitt ut har mildt sagt vore overveldande, og det har ikkje vore mangel på godord og superlativ. No kan du oppleve ein av Noregs aller beste låtskrivarar på Fosnavåg konserthus!

_
_
_