Transatlantic Express

Transatlantic Express er tilbake i Fosnavåg

Mange hugsar laurdag 11. juni 2016 og 20. september 2017! Det er dei to gongane dette superbandet har besøkt Fosnavåg før, og då er det i ferd med å bli ein tradisjon. Bandet består av 3 nordmenn og 3 amerikanarar med ein musikalsk CV som er ganske eineståande; Staffan William-Olson - gitar (The Real Thing, Mezzoforte, Sharp 9, Babylon Brothers), Palle Wagnberg – B3 Hammond (The Real Thing, P.W. Organ Unit), Petter Wettre - sax (har spelt med "alle") Nicky Orta - bass (Arturo Sandoval, Randy Brecker, Mike Stern, Chick Corea, Ernie Watts, Julio Inglesias, Englebert Humperdink), J. D. Anderson - trommer (Kirk Franklin, Mariah Carrey, John Legend, Grammy Nominated!) og Bill Kooly Scott - vokal (Ruby Baker Band, Bill Scott Band).

Dette blir eit hoftevrikkande grooveparty med jazz, funk og soul som perler på ei snor!

Billettar til Transatlantic Express

  1. Ons 31. okt kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_