3

Trine Rein

I 2019 er Trine Rein deltakar i «Hver Gang Vi Møtes»

I 2019 markerer Trine Rein 25 år som internasjonal artist, og er ein av deltakarane i den åttande sesongen av TV2 suksessen «Hver Gang Vi Møtes» som blir sendt over nyttår. 

Trine Rein fekk sitt gjennombrot internasjonalt i 1994 med debuten Finders keepers og lå øverst på salgslistene i Noreg, solgte totalt til 3 x platina og har mottatt éin Spellemannspris. I 2017 slapp ho nytt album THE WELL til gode meldingar.

Hausten 2018 er ho i studio med nyskrevne låtar, som vil bli presentert på turnéen saman med hitar og favorittar frå heile karriera 

Trine Rein er kjend for sine musikalske krumspring, frå dei nakne og sårbare poplåtane til heftig rock, der ho boltrar seg i ulike sjangrar med ein stemmeprakt få kan måle seg med.
Låtane som blir framført skal opplevast like sterkt enten ho opptrer heilt akustisk med kun éin musikar på scenen, eller med fullt band. 

Artisten er kjend for å by på seg sjølv, og har evna til å tilpasse repertoar og historiar til kveldens publikum. Med humor og historiar til ettertanke undervegs i konsertane, blir publikum betre kjend med artist og personen Trine Rein.


På scenen:
Trine Rein m band:
Jan Holberg, bass
Arild Følstad, tangenter 
Per Ole Iversen, trommer 
Jostein Pedersen, gitarer

Billettar til Trine Rein

  1. Lau 9. mar kl 20:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_