Stjerneskot Ulstein storband

Ulstein storband inviterer til konsert med unge, lokale vokalistar

8. juni står Ulstein Storband igjen på scena på Fosnavåg kulturhus.

Som hovudartist forkonserten har dei fått med seg Kaja Rode, som for dei fleste er kjent for sine solide prestasjonar og si flotte plassering i TV2-satsinga The Voice 2017. Ho har tidligere sunge med Ulstein Storband i fleire samanhengar og imponerer gong på gong med vokalprestasjonar av svært høg kvalitet.

Storbandet har i tillegg til Kaja invitert med eit knippe dyktige lokale vokalistar. Alle desse har drive med song i ulike samanhengar i fleire år, men for dei fleste er det ei ny erfaring å stå på scena med eit storband i ryggen.

Repertoaret vil spenne frå tradisjonell storbandmusikk frå nyare tid som Michael Buble sin versjon av Feeling Good, til store hits frå popverda dei siste 20 åra, som Sting sin “Englishman in New York” og James Bond-låta “Skyfall”.

Publikum kan altså sjå fram til ein kveld fylt med mykje god og variert storbandmusikk framført av lokale stjerneskot.

I tillegg til Kaja har Ustein storband med desse vokalistane

Arnhild Bjerkvik
Martine Gjerdsbakk
Emma Sævik
Adrian Remøy
Andrine Berge
Tomas Skeide
Even Sævik

Billettar til Ulstein storband

  1. Fre 8. jun kl 19:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_