a tribute to Joni Mitchell Wild things run fast

WILD THINGS RUN FAST er ein tribute til kunstnaren Joni Mitchell, som blir sett på som eit av de største talenta i vår tid.

Med vokalist Siril Malmedal Hauge i spissen, presenterer dei musikken til Mitchell, som er ei blanding av folk, pop og jazz, med djupt personlege tekstar.

Bandet har spelt ei rekke suksessfulle konsertar på jazzklubbar og scener rundt om i Noreg, der dei hausta svært gode kritikkar blant både publikum og klubbarrangørar. Gong på gong viser det seg at denne konserten fell i smak hos publikum. Og enkelte konsertar på forrige turné (Nasjonal Jazzscene, Storyville Jazz Club, Straumsnes Jazzklubb, Swing'n' Sweet Jazzklubb, Ørsta/Volda Jazzklubb og Jazzsirkelen i Ålesund) kunne vise til utselde konsertar og publikumsrekordar.

Blant festivalkonsertar har bandet spilt m.a. på MoldeJazz, DølaJazz og Jazz på Jølst. Konserten til Wild Things Run Fast på Dølajazz var den tredje beste selde konserten under festivalen, markedsført som ein Tribute To Joni Mitchell. Dette viser at musikk frå Joni Mitchell fungerer som eit trekkplaster for mange.

Bandet består av unge jazzmusikarar som har gjort seg markerte på jazzscenene rundt om i inn -og utland:

Siril Malmedal Hauge – vokal
Torgeir Hovden Standal – gitar
Martin Myhre Olsen – saksofon
Kjetil André Mulelid – piano
Martin Morland – bass
Henrik Lødøen – trommer

_
_
_