Rocky Road

Om arrangementet

KveldsmatKonsert midt i jubileumsveka midt i jubileumshausten vår!

Rocky Road består av fem karar fødde på 60-, 70- og 80-talet og musikken dei spelar kjem frå tidsalderen 1960- til 90-talet. Onsdag 23. oktober i konserthuset si jubileumsveke kan du altså oppleve dei frå småbord i konsertsalen!

Repertoaret består av variert musikk. Dei spelar kjende låtar frå Elvis, Smokie, Creedence, Johnny Cash, Bruce Springsteen, REM, Kim Larsen, Queen, Postgirobygget, Di Derre osb.

Vokal: Stian Hildre
Bass/kor: Toni Nykrem
Trommer: Bjørnar Liaset Karlsen
Sologitar: Stephan Skogen
Gitar/kor: John Henrik Steinsvik

Denne onsdagskvelden har du lyst på småbordkonsert med desse gutta, og du kan velje om du også vil kjøpe mat og drikke frå Thon Hotel Fosnavåg. Du kan bestille tapas-planke på forhånd ;o)