Smittevern under Korona

I desse Korona-tider har vi, som elles i samfunnet, strenge smittevernreglar for avvikling av arrangement.

Alle som kjøper billett må oppgi namn og telefonnr for å kjøpe billett. På den måten kan vi føre lister over kven som er tilstade på dei ulike arrangementa med tanke på ei evt smittesporing  
Billettsystemet vårt har valt plassar til deg som tar omsyn til dei reglane som gjeld for avstand og maks antal i salen, som for tida er 200. Det skal være 1 sete mellom kvar person/husstand/kohort/eller tilsvarande gruppe.

Det kan vere at saloppsettet blir endra etter at billettane er kjøpt, og då ber vi om at de følgjer info frå dei tilsette. Vi vil alltid legge til rette for at opplevinga blir best mogleg for alle partar

Elles gjeld vanlege reglar:

  • Hold minimum 1 m avstand til folk når du går ut og inn av salen der det er mogleg
  • Vask hender ofte og nytt antibac som er plassert ved inngangen
  • Er du sjuk skal du halde deg heime. Vi vil i såfall refundere billettar dersom ingen andre kan bruke dei

Vi sørger for at salane til ei kvar tid er reingjort etter gjeldande reglar samt at alle berøringsflater blir vaske og sprita ofte.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytta til smittevern

_
_
_