Stein Torleif Bjella
Billettar
Om arrangementet
Live 2025
Etter ein eventyrlig suksess i "Hver gang vi møtes" har Stein Torleif Bjella og hans makelause band fylt kulturhus og spelestader over heile landet. Og det stoppar ikke her! Turnéen held fram langt inn i hausten 2025. Vinterens turné har vore ein braksuksess, med over 15 000 selde billettar, inkludert to fullsette konsertar i Operaen i Oslo. Publikum og kritikarar har vore samstemte i si begeistring – det siste halvåret har rett og slett vore ein skikkeleg opptur for visekunstnaren frå Ål.
På denne turnéen har både trufaste og splitter nye fans fått oppleve ei ny side av Bjella. Konsertane byd nemleg på både klassikrar og nytolkningar av eigne og andre sine låtar, noko som løftar det musikalske universet hans til nye høgder. Som alltid kombinerer Bjella det ettertenksame med det hjartevarme – konsertane treff både hjarterota og dansefoten. Og ja, tradisjonen tru loddast det ut ei fruktkorg på kvar einaste spelestad. Med seg på vegen har Bjella sitt faste og dyktige band beståande av Geir Sundstøl (gitar), Eirik Øien (bass), Kenneth Kapstad (trommer) og David Wallumrød (tangentar). Saman syt dei for ei uforgløymeleg konsertoppleving.
Stein Torleif Bjella fekk sitt gjennombrote med det kritikarroste soloalbumet Heidersmenn i 2009. Sidan har han gjeve ut fleire prisvinnande og Spellemann-nominerte album, inkludert Vonde visu (Spellemannpris-vinnar), Heim for å døy, Gode Liv, Øvre-Ål Toneakademi og Nysetmåne. Han har også samarbeida med Kringkastingsorkesteret, gitt ut eit "spoken word"-album, og motteke utmerkingar som Edvard-prisen og Prøysen-prisen. Bjella sin musikk kjenneteiknast av poetiske, jordnære tekstar og ei særeiga evne til å treffe både bygdefolk og byfolk. Med låtar som «Romantikken gjer meg sjuk», «Psykisk kan du vera sjøl», «Heidersmann» og «Tilbake i det blå», har han skrive seg inn i den norske visetradisjonen som ein av vår tids viktigaste stemmer. I tillegg til musikken er Bjella ein anerkjend forfattar, med diktsamlinga Jordsjukantologien Nr. 1 og romanen Fiskehuset, som vann Nynorsk Litteraturpris og blei nominert til P2-lytterane sin romanpris. Bjella sin musikk har også inspirert teateroppsetningar, som "Kan nokon gripe inn" og "Heil ved", sistnevnte framleis på repertoaret ved Det Norske Teatret.
Og i november altså til Fosnavåg!