Så les deg gjerne opp på Ibsen, historie og bakgrunnen frå Napoleonskrigen før framsyninga. «Terje Vigen» vart trykt første gong i Nytaarsgave for Illustreret Nyhedsblad sine abonnentar i 1862. Det har vore ynda folkelesning og det har oppstått fleire teoriar om Terje Vigen som ein historisk person, men den gjengse oppfatning er at personen er fiktiv, men historia svært realistisk. Det som kallast «Terje Vigens grav» er ein bauta ved Fjære kirke, røyst i 1906 til minne om alle frå Grimstad-traktene som på ulikt vis sette livet til i naudåra 1807–1814. Diktet om Terje Vigen er illustrert av Christian Krohg i 1892 og vart filmatisert i 1916.
Terje Vigen (første framsyning)
Billettar
Om arrangementet
Ny oppsetjing i juni!
Vi er glade for å meddele at vi går for ein ny runde med Terje Vigen på Herøy kystmuseum, denne gongen med 2 framsyningar. Vi trur nemleg, basert på fjoråret, at det er mange som ikkje fekk det med seg sist og som absolutt vil oppleve dette. Og det er ikkje umogleg at fleire av dei som var der har lyst å kome attende for å oppleve forteljinga rundt:
«Der bode en underlig gråsprængt en på den yderste, nøgne ø...»
Den første linja av Henrik Ibsen sine 43 vers om Terje Vigen har du sikkert høyrt. Vår produksjon gir deg heile diktet i ramsalte kulissar søndag 15. juni, på Herøy gard! Bjørn Holum er forteljar og fyller rolla som Terje Vigen, medan Vegard Holum fyller fjorden med vakkert tonefylgje, ein kombinasjon av elektronikk og trompet. Og vår teknisk ansvarlege Torgrim Skjerdal skal legge lyden slik at den når godt fram til publikum på land!
Billettsalget startar 1. mai, og vil foregå kun her på eBillett. Merk at det er ulike billettar til siteplass på brygga og sitjeplass på svaberg. Mange valde det siste, utstyrte seg med mjuke underlag og gav varme tilbakemeldingar om opplevingar frå sjøkanten/scenekanten. Det vil også bli høve til å kjøpe mat-billettar i eBillett på førehand. Meir informasjon kjem etter kvart.
Vi er stolte av å presentere denne produksjonen vår! Urpremieren i fjor var som ein «tjuvstart» på Fosnavåg konserthus sin jubileumshaust. Denne gongen lagar vi søndags-avslutning på Sommarfesten i Fosnavåg. Og ingen stad er betre for denne framsyninga enn vakre Herøy gard med Eileen & Co som samarbeidspartnar og naturleg historisk sus! Det skal du få høyre meir om; Vi planlegg nemleg eit felles "symposium" på tunet, mellom dei to framsyningane. Vi ønskjer at publikum skal kjenne historia på kroppen.
Visste du at dette temaet var så aktuelt også på våre trakter, at Herøy truleg hadde sin eigen Terje Vigen?! Det finst også viktig los-historie i tilknytning til diktet, til dømes i boka "Karmøys Terje Vigen". Og ein kan lese fleire sider om temaet i Herøyboka, Bygdesoga 1:
"Året 1802 var eit av dei vonde år. Torskefisket var så ringt at ingen kunne minnast maken. Smått var det med sildefisket og. På landejorda var det like ille. Høy og korn regnde vekk, og tidlega kom nattekulden. "Det dyre kornkjøb vil gjøre mange fattige og bringe andre til betlerstaven (bli ruinert) hvis ikke hurtig tilførsel av korn for billige priser skjer", skreiv futen 3. november".
Vi kan også lese om Magnus Tongan (Tangen) frå Nautøya. Han var ein av dei som gjorde Danmarks-ferd etter korn etter at sokneprest Grüner spurte om nokon kunne fare. Segna om Magnus (og Tambur-Elling frå Volda) heldt seg levande på Nautøya og i det handskrivne bladet "Notøy" frå 1924 skreiv Ole Hagemann ei vise om denne ferda, ei vise i Terje Vigen-stil. Den finst å lese den dag i dag!
Victor Sjøstrøm regisserte filmatisering av Henrik Ibsen sitt dramatiske dikt i 1916, reknast som ein svenske stumfilmklassikar. Sjøstrøm spelar sjølv den norske sjømannen Terje Viken, som under krigen i 1807-1814 måtte ro helt til Danmark for å skaffe mat til si familie. Filmen inneheld storslagne dramatiske naturbilete frå havet. Samstundes følgjer den nøye delar av Ibsen sitt dikt i mellomtekstane. Musikken er av Ketil Bjørnstad, komponert til filmen i 1990. Her er ein smakebit på 2 minutt: https://filmarkivet.no/film/details.aspx?filmid=49026.