The Holdovers

Om filmen

Originaltittel: The Holdovers

Premiere: 2024-01-26

Varighet: 2t 13min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Original

Regissør: Alexander Payne

Eit hjartevarmt drama som på nytt foreinar regissør Alexander Payne med Paul Giamatti.

Sett til 70-talet ved Barton Academy, møter me den gretne læraren Paul Hunham (Paul Giamatti), mislikt av både kollegaer og elevar. Paul blir motvillig valt til å bli att på campus over juleferien, for å passe på eit fåtal elevar som ikkje får reist heim til jul av diverse årsaker. Når brorparten likevel reiser bort, blir dei berre tre att; Paul, kantinedama Mary (Da’Vine Joy Randolph), og den utagerande eleven Angus (Dominic Sessa) - tre svært ulike personar som i løpet av ferien oppdagar at dei faktisk har ein del til felles. "The Holdovers" har allereie motteke ei rekkje prisar og nominasjonar (inkludert 8 Critics Choice-nominasjonar og 3 Golden Globe-nominasjonar) og blir sett på som ein heit kandidat for fleire Oscar-nominasjonar.