Trine Rein - Queen of Soul, hyllest til Aretha Franklin

Om arrangementet

Med Elise Nærø og gjestekor Tolvtetten!

Aretha Franklin toppar Rolling Stones si liste over verdas 200 beste songarar innan populærmusikken gjennom dei 100 siste åra, har blitt tildelt 20 Grammy awards, og har vore ein av dei største inspirasjonane for andre songarar på tvers av generasjonar gjennom 50 år. Det er ikkje tilfeldig at ho fekk tilnamnet «The Queen of Soul», og fa? artistar fortenar ein hyllest meir enn sjølvaste Aretha Franklin!

-«Det er med en enorm respekt og ærefrykt jeg påtar meg dette prosjektet,» seier ei audmjuk Trine Rein. -«Franklin har inspirert meg så lenge jeg kan huske, og i et bredt spekter av sjangere innen populærmusikken. Hun har gitt meg inspirasjoner innen både soul, funk, R&B, gospel og pop, og uansett hva hun har sunget inn gjør hun det med en så dyp innlevelse at man ikke kan unngå å bli berørt.»

Slik opnar Trine Rein nyheita om sitt neste prosjekt, nemleg ein hyllest til Aretha Franklin sitt liv og musikk. Draumen om å samle Franklin si karriere i ein konsert eller framsyning har lenge stått på ønskjelista. Få artistar kan måle seg med stemmeprakta til Trine Rein, og enda færre når opp til kvalitetane til The Queen of Soul.

Fredag 25. oktober får du høyre favorittarlåtar som «Respect», «Think» og «Natural Woman»! Sjølv om Trine Rein aldri fekk oppleve si inspirasjonskjelde live i konsert har deira vegar pa? merkeleg vis vorte kryssa ved fleire høve. Rein har mange interessante historier å by på og publikum vil bli litt betre kjende med personen Aretha Franklin i løpet av kvelden.

Vi lover ei fullspekka konsertframsyning der Aretha Franklin sine hits står i fokus, og toppar dei musikalske høgdepunkta med Elise Nærø og det lokale koret Tolvtetten på låtar som "Sisters Are Doin' It for Themselves" m.fl. Velkommen til en musikalsk festkveld i Fosnavåg konserthus si jubileumsveke!