Überjam

Om arrangementet

LaurDAGskonsert med Überjam i Fosnavåg!

Bandet spelar instrumental gladfunk frå tida då jazzrock og jazz-pop kom til Sunnmøre, og dei hevdar sjølv at dei starta bandet sidan dei kun høyrte på slik musikk uansett...
Überjam haustar lovord for lett og ledig stemning når perlene frå mellom anna Koinonia, Lee Ritenour, Wes Montgomery, Pat Metheny samt nokre eigne låtar vert servert i lettfatteleg innpakning. Serveringa er relativt uformell, og bandet gler seg over at også dei som glade amatørar kan få spele denne trivelege musikken. Bandnamnet «Überjam» vil ein jazz-kjennar lett kunne sjå som ein hyllest til legendariske John Scofield, som i 2002 gave ut ein LP med same namn. Den første av to LP-ar der namnet var nytta.

Überjam sine coverlåtar er eit minne frå den tida der alt med ”slaphand” bassing og clean chorus «gitarplukking» vart omtala som ”West coast” uten at vi ante kvifor. Responsen frå publikum har vore overveldande, og med lett (og sjeldant faktasjekka) låthistorikk i kombinasjon med høg nynnefaktor blir dette ofte ein minnerik og uforgløymeleg session.
Bandet gir full gass med flott instrumentalmusikk med hovudvekt på 70/ 80 og 90-talet, og spelar svulstige gitar- og keyboardriff, trommeovergangar du aldri meir høyrer, og basslinjer som eigentleg har gått ut på dato, men som du garantert nynner med på...
Det heile blir gjerne servert med gode gamle (rundt 60 år gamle…) Hammond b3-lydar og god stemning – ofte til eit publikum av kjennarar som utruleg nok ofte har vore på konsert med Überjam før utan å ta nemneverdig skade ser det ut til...
Überjam består av Rune Ertesvåg; gitar, Bertil Tødenes; Trommer, Peter Demirov; Tangentar og Jan Thormodsæter; bass.

Vi riggar det heile i black box-modus tett på musikarane. Nye småbord har vi fått i jubileumsgåve frå Mowi ASA Region Vest! Velkomen til småbord-konsert bokstaveleg tala på scena vår i konsertsalen!