Vennefest - Herøy kulturskule

Om arrangementet

Velkomne til Vennefesten 2025

På Vennefesten får elevane i Herøy kulturskule sjansen til å skine på scena og vise fram noko av det dei har øvd på dette skuleåret.

Å stå på scena og framføre det ein har lært, er ein viktig del av opplæringa i kulturskulen. Og når ein ser kor mykje borna kosar seg, er det lett å bli sjarmert – sjølv om ikkje alle dansetrinna er heilt synkrone eller ein tone kjem på feil plass.

Vi inviterer spesielt foreldre, søsken og andre i familien til å sjå sine små og store stjerner på den flotte scena i Herøy kulturhus.

Sikre deg billett på www.fosnavaagkonserthus.no. Pris: 100 kr for vaksne, og 50 kr for born og ungdom under 18 år.

Det blir tre konsertar:

  • Fredag 4. april kl. 18
  • Laurdag 5. april kl. 13
  • Laurdag 5. april kl. 16

Vi gler oss til å sjå dykk på Vennefesten 2025 i Herøy kulturhus!